Good Night av The Beatles
Good Night Song av The Beatles frå albumet The Beatles | ||
Utgjeve | 22. november 1968 | |
Innspelt | 28. juni 1968 | |
Sjanger | Tradisjonell pop, voggesong | |
Lengd | 3:11 | |
Selskap | Apple Records | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«Good Night» er ein song av The Beatles på albumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.
Songen er sungen av Ringo Starr og er ei roleg og behageleg avslutting på Det kvite albumet og kjem direkte etter den eksperimentelle og støyande «Revolution 9». Melodien er enkel og typisk for stilen Paul McCartney ofte nytta, men viser at òg Lennon kunne ha eit sentimentalt hjarte.
George Martin har arrangert orkesteret på ein smektande måte. Lennon sa at han ønskte at songen skulle lyde skikkeleg «cheesy», som ein storslått Hollywood-produksjon. Kvifor han let Starr synge er ikkje godt å seie, men den sorgtunge stemma til Starr passar fint inn i stemninga.
Ekteskapet med Cynthia gjekk mot slutten då Lennon skreiv songen, som opphavleg var meint som ein godnattsong for sonen Julian. Lennon skreiv to godnattsongar, begge for sønene sine. Den andre var «Beautiful Boy» for sonen Sean på albumet Double Fantasy.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Ringo Starr – solovokal
- George Martin – celesta, orkesterarrangement
- The Mike Sammes Singers – korvokal
- Orkester – tolv fiolinar, tre bratsjar, tre celloar, tre fløyter, klarinett, horn, vibrafon, kontrabass, harpe
- Personell per Ian MacDonald[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Good Night» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Beatles hele livet, Bård Ose, Bergen 1999.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songtekst Arkivert 2009-02-22 ved Wayback Machine.
- Alan W. Pollack «Good Night»
- ↑ MacDonald 2005, s. 294.